Eg er heilt forelska i lysekroner. Eg vart beordra av
Fru Luna om å vise fram mine ;-)
Og det gjer eg med glede!! :-)
Eg har nokre stykker...Heile 6 stk faktisk. Kunne gjerne hatt i kvart einaste rom, men må jo begrense meg litt..;-) Ville gjerne ha på badet, men vart nedstemt. Arielpappa meinte at vi kom til å stange opp i den, men sånne bagateller burde vi vel ikkje henge oss opp i?? ...måtte nok gje meg der ;-)
I Spisestova heng denne flotte krona kjøpt på Bohus..vurderte ei stund å spraylakkere den kvit, men trur kanskje den skal forbli brun....kva syns du?
I TV- stova heng denne lekkerbiskenen ;-) Denne er kjøpt på salg for KUN 499,- på Skeidar. Eit KUPP spør du meg :-)
Denne flotte saken fekk eg tak i på same salet. Kun 499,- for den og!!! Blir glad inni meg av å sjå på dei ;-) Den har vi hengt i gangen i 1. etasje.
Denne fekk vi i innflytningspresang frå mine foreldre og søsken..etter bare pittelitt hinting frå mi side ;-) Den henger i gangen i 2.etasje.
Det er ein grunn til at dokke får sjå berre den....ikkje ferdig å pusse opp her ;-)
Vi har to av desse lysekronene som er kjøpt på Jarles Gavesenter i Førde. Denne viste eg igår, den er plassert på soverommet vårt over senga.
Gjestene våre må jo selvfølgeleg ha lysekrone og. Den andre av samme typen er hengt over senga her.
Det var nok ein bildekavalkade frå Fjordhuset.....
Ha ei god natt allesaman!
Eg skal drøyme søtt under lysekrona mi! ;-)
Klem :-)